Draumen om å få arbeida som tannlege i Afrika har eg hatt lenge, men av praktiske årsaker har det ikkje vore mogeleg. Men når Dental Sør ved Jan Thomassen skreiv i NTFs tidende i 2000 at utstyret på Haydom stod klart, ynskte eg å reisa der. Likevel skulle det ta 3 år før det vart alvor.
I november 2002 formidla Jan Thomassen kontakten med Haydom, og me var velkomen. Kona mi, Kirsten, og eg skulle reisa. Billettar vart bestilt gjennom Reisefeber i Bergen. Me hadde billett frå Flesland-Amsterdam-Kilimanjaro, vidare frå Kilimanjaro til Zanzibar og heimatt Zanzibar-Nairobi-Amsterdam-Flesland. Eg fekk permisjon frå stillinga mi som distriktstannlege. Litt påfyll av vaksine måtte me også ha.
Hilde Ursin, som var på Haydom juni 2002, vart flittig konsultert, og me fekk mange gode råd og tips.
Ho hadde laga ei liste over forbruksmateriell som me burde ha me oss. Til innkjøp fekk eg god støtte frå Knarvik apotek, Scadenta, Norsk dentaldepot og Visma Services Kristiansand Pluss rekneskap. Flybilletten min vart dekka av Dental Sør og Visma Services Kristiansand Pluss rekneskap. Hjarteleg takk til alle som gav støtte til turen.
Lørdag 11. januar bar det sørover med fly frå Flesland kl. 06.45. Me landa på Kilimanjaro flyplass kl 23.00 lokal tid. No var me komen til Tanzania. Gleda var stor då me etter å ha kjøpt visum og passert passkontrollen, kom ut og såg ein blid afrikanar stå med skilt der det stod Kirsten og Johannes Øpstad. Me vart kjørt til Novotel Mont Meru hotell. Søndag fekk me omvisning i Arusha. Mandag skulle me reisa vidare til Haydom.
Tida gjekk fort, og me kom oss ikkje avstad frå Arusha før kl 14.00. På fin og rett veg gjekk det i 110 km/t, men det var berre dei to første timane. Me reiste gjennom masaiane sitt rike og talde på hytter for å finna ut kor mange koner dei hadde, ei hytte til kvar kone. Etter to timar begynte det å bera i høgda på dårlig grusveg.
Eg hadde lese reiseskildringa til dei kollegaene som hadde vore på Haydom før oss, men hadde likevel ikkje førestilt meg heilt denne vegen. Dr. Nahman kjørte godt, så me spratt i taket rett som det var. Kl 19.00 begynte det å verta mørkt. Langs vegen såg me små hytter med eit svakt lys i . Stadig møtte me folk langs vegen, men dei var ikkje lett å sjå med mørk hud og mørke klede. Her var det ingen med refleks. Kl 21.30 rulla med inn porten på Haydom, og vart kjørt rett til huset til Kari og Ole Halgrim. Her fekk med ei varm mottaking. Me fekk kvelds hos ”mamma Kari”. ”Så kjekt å høyra ein stril”, sa ho når ho helste på Kirsten. Så skulle det visa seg at dei kom frå same kommunen. Verda er ikkje stor seier dei. Me fekk tilvist hus, og skulle bu i Hope-huset (oppkalt etter ein av mine pasientar som var her som fysioterapeut). Neste dag skulle me koma til frukost hos dr. Olsen.
Me kom oss opp tirsdag morgon og gjekk til frukost kl 07.00. Kl 08.00 var det andakt, og der skulle me presenterast. Etterpå fekk me ei rask omvisning på den nye barneklinikken, som skulle opnast 25. januar. Deretter bar det til tannklinikken. Dr. Olsen hadde sjølv teikna tannklinikken, som låg fint til inne på sjukehusområde. Klinikken hadde to behandlingsrom, men berre eit brukbart utstyr. Det var eit stort venterom, sterilisasjonsrom og eit lite kontor/lunsjrom. Så var det til å pakka ut det som var på kontoret, og pakka opp det me hadde med oss.

Det var ingen kø på venterommet første dagen, men det kom nokre pasientar tilslutt. Klinikkassistenten min var Joice, som var sjukepleiar og jordmor. Ho hadde med seg Mariam som var på sterilisasjonen. Joice snakka godt engelsk og stod for all kommunikasjon med pasientane. Eg måtte fort roa meg ned, her var det ikkje norsk tempo. Først skulle pasientane og Joice snakka om problemet dei kom for. Så måtte eg finne ut kva behandling pasienten trong, og finna prisen på behandlinga. Ja, mange pasientar gjekk rett bort til prislista og såg kor mange tenner dei kunne trekkja i dag. Hadde dei ikkje nok pengar, kom dei tilbake dagen etterpå for å få utført behandlinga. Det var ikkje mykje caries, men der det var angrep, var skaden ofte så stor at det vart extraksjon. Mange pasientar hadde periodontitt. Tannpussen vert gjort med miswak som dei lagar av busken Salvadora Persica. Pasientar frå enkelte distrikt hadde mykje fluorose. Det var ein del pasientar som ynskte partiell protese, men med den postgangen og det prisnivået som er der nede, såg eg inga løysing på det problemet.
Første søndagen me var der nede, var me til kyrkje. Denne dagen var det berre ei gudsteneste, fordi TV2 frå Norge var der for å gjera opptak. Det var full kyrkje, og seks kor. TV2 sendar ein dokumentar frå Haydom Kr. Himmelfartsdag. No fekk me oppleva vakker afrikansk song. Som skikken var der nede, presenterte dr. Olsen alle som var ny på Haydom siste veka. Så no visste alle at det var tannlege på Haydom. Det skulle merkast vidare. No begynte det å koma pasinetar langvegs frå. Det var ingen timebestilling. Vart dei ikkje ferdig den dagen, så låg dei over til neste dag og fortsette behandlinga. Livet på sjukehuset var denne veka prega av all førebuing til den store festen lørdag 25. januar, då barnesjukehuset Lena Ward skulle opnast. Statsministeren og helseministeren i Tanzania skulle kome. Frå Norge kom Jon Lilletun og mor til Lena Sløgedal, samt den norske ambassadøren i Dar al Salam og mange andre gjestar. Den store dagen kom. Me stod oppstilt langs vegen for å ta imot dei prominente gjestane. Det minna meg om ein gedigen 17.mai feiring. Det var mange talar og mykje song og dans av dei forskjellige stammene i området. Festen som vart halden på den store sletta bak sjukepleiarskulen, varte frå kl 10.00 til kl 15.00. Etterpå var det matservering til alle. Det vart ein uforgløymande dag.
Tida på Haydom var ikkje berre arbeid, sjølv om det er 6 dagars veke der. Kirsten fekk første veka vera med TV2 rundt i området då dei gjorde sine opptak saman med Kari og Ole Halgrim Evjen Olsen. Haydom har i tillegg til sjukehuset, 26 utestasjonar der dei driv mor/barn klinikkar. Nokre av desse ligg slik til at dei brukar fly for å koma ut til dei. Det er ein gong i månaden dei flyr ut til desse stasjonane. Dei andre stadane brukar dei bil. Kirsten, som er sjukepleiar, fekk vera med på fleire slike besøk. Eg var med til utestasjonen Mangissa, ein biltur på ca 2 timar kvar veg. Her var det veging og vaksinering av barna, svangerskapskontroll, informasjon/undervisning og ein andakt. Eit svært godt organisert helsearbeid for gravide og mor/barn med bruk av små resursar. Mange hundre møtte opp og det varte heile dagen.
Me fekk vera med på fleire utflukter i området; søndagstur tur til Basutu for å sjå på fuglelivet og flodhestane som glimra med sitt fråvær.
Me var på Harar-fjellet og hadde ei flott utsikt over området i alle retningar.
Siste søndagen var me 12 personar som fekk vera saman med Kari ogOle Halgrim på biltur ned i dalen der buskmennene, hatzabeene, hadde bygd veg mot mat som betaling under ein svoltkatastrofe for ein delår sidan.
Vegen var utstokken av dr. Olsen. Imponerande!
Det var regntid på Haydom då me var der, men det kom ikkje mykje regn. Folket ba om regn, for dei var redd åkrane skulle tørke, og då ville det bli matmangel. Me syntest det var frodig.
Det var fint å gå tur i område, og det vart mange turar rundt Haydomfjellet. Her kunne me møta på flokkar med bavianar. Område har også eit svært rikt fugleliv. På våre kveldsturar møtte me dei innfødde med vassbøtter eller buntar med fyringsved, som dei bar på hovudet.
Eit vanlig syn var flokkar med kyr og geit, som vart gjeta av små barn, esel med kløv og oksespann framfor vogn eller plog.
Me var også så heldig å bli invitert heim til klinikkassistenten Joyce og hushjelpa Catarina. Heimane deira var små og enkle, men gjestfriheten så stor. Dette var stunder me aldri vil gløyma.
Kari og Ole Halgrim Evjen Olsen har lagt ned eit imponerande arbeid på Haydom. Sjukehuset hadde eit godt renommé i Tanzania. I tillegg til å utføra legegjerninga som kirurg, hadde dr. Olsen teikna og stått for bygging av alle hus på sjukehuset. Han hadde også teikna kyrkjene i området. Vidaregåande skule hadde dei fått i gong.
Området hadde fått bygd ut vassverk med lokale brønnar, der folk kunne kjøpa reint vatn. Han var også litt av ein vegingeniør som stakk ut vegar, bygde bruer og organiserte vegbygging. Ikkje så rart at han er kommandør av St. Olavs Orden og Kari riddar av 1. kl av St. Olavs Orden. Me er glad for at me fekk læra Kari og Ole Halgrim å kjenna. Me hadde fire rike veker på Haydom, før me avslutta opphaldet i Tanzania med ein safari, samt ein tur til Zanzibar.
Eg vil anbefala kollegar til å ta eit opphald på Haydom Luth. Hospital. Det blir eit minne for livet.
Johannes Øpstad
Masfjorden, 20. april 2003
Dental Sør Gruppen
Postboks 901
4509 Mandal
Tel: |
38 27 88 88 |
| Fax: | 38 27 88 89 |
| E-Post: | post@dentalnet.no |